120 likes | 344 Views
NYNORSK. Kapittel 15: Fascismen og nazismen. Elevane skal kunne – vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
E N D
NYNORSK Kapittel 15: Fascismen og nazismen Elevane skal kunne – vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet – gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet
To parti - Det italienske fascistpartiet, Fasci di combattimento (Kampforbunda), blei skipa i Milano i mars 1919. - Det tyske nazistpartiet blei skipa i München i januar 1919, og tok året etter namnet Det nasjonale sosialistiske tyske arbeidarpartiet (NSDAP).
To førarar - Benito Mussolini blei diktator i Italia i 1922. - Adolf Hitler tok makta i Tyskland i 1933. - Mot heilt sentrale delar av den europeiske demokratiske og politiske kulturen. - Mot respekten for einskildmennesket og menneskeleg fridom.
To førarar - Begge var sterkt nasjonalistiske. - Begge var antisosialistiske og antikommunistiske. - Begge kravde at individet skulle vere totalt underordna interessene til nasjonen og partiet.
Fellestrekk mellom fascisme og nazisme - Begge partia kravde absolutt lydnad mot føraren. - Begge såg på vald og terror som akseptable politiske verkemiddel. - Begge var svært opptekne av ritual og av ytre effektar som uniformer, faner, songar og marsjering. - I den tyske nazismen var rasisme og særleg antisemittisme eit berande element. Rasismen var også til stades i den italienske fascismen, men ikkje i same ekstreme grad.
Fellestrekk mellom fascisme og nazisme - 1919–1920: Kamp mot sosialistane gav fascistane brei oppslutning i Nord-Italia. - 1922: Om lag 25 000 fascistar marsjerte mot Roma og kravde at Mussolini skulle bli regjeringssjef. - Mussolini blei leiar for ei samlingsregjering. Men terroren heldt fram, og etter ei tid avskaffa fascistane demokratiet.
Hitler blir diktator - I 1932 blei NSDAP det største partiet i Riksdagen. - President Hindenburg bad leiaren for NSDAP, Adolf Hitler, om å bli kanslar for ei koalisjonsregjering. - Hitler skreiv straks ut nyval, og da riksdagsbygningen brann midt under valkampen, greip Hitler høvet til å oppheve presse- og trykkjefridommen og alminnelege borgarrettar.
Hitler - Ved valet i 1933 oppnådde nazistane 44 % av røystene. - Den nyvalde Riksdagen vedtok fullmaktslover som gav Hitler uavgrensa makt. Han blei president og øvstkommanderande for hæren.
Kvifor fekk nazistane makta? - Den økonomiske krisa førte til at både arbeidarar, borgarskap og storindustrielle kretsar såg si redning i NSDAP. - Fredsavtalen etter den første verdskrigen var ei årsak til det økonomiske uføret i Tyskland. - Kjensle av nasjonal audmjuking som Hitler kunne spele på. - Nazistane forstod, meistra og utnytta propagandakunsten.
Kvifor fekk nazistane makta? - Antinazistiske parti, særleg innanfor arbeidarrørsla, hadde vanskeleg for å samarbeide på grunn av den politikken Sovjetunionen førte. - Tradisjonar i tysk kulturliv: Mange historikarar har lagt vekt på at dei ideala som stod sterkt i nazismen – nasjonalisme, autoritetstru og antisemittisme – også blei forfekta i det før- nazistiske tyske samfunnet.
Den nazistiske staten - I likskap med fascistane i Italia tok nazistane over all makt i samfunnet der dei kunne. - NSDAP blei det einaste lovlege partiet. - I statsapparatet blei det sett inn nazistar som overvaka og kontrollerte at funksjonærane følgde nazistisk politikk. - Eit propagandaministerium blei oppretta for å indoktrinere befolkninga. - Nazistane oppretta eit hemmeleg politi og bygde konsentrasjonsleirar der politiske motstandarar blei internerte.
Den nazistiske staten - Ved hjelp av storstilte byggjeprosjekt (jernbane og motorvegsanlegg, fireårsplanar for industriproduksjon og rask militær opprusting) fekk nazistane hjula i gang igjen. - Sigøynarar og homofile blei forfølgde. - Nazistane dreiv systematisk avliving av menneske med fysiske og psykiske handikap. - Antisemittismen, det vil seie forfølging av jødar, blei sett øvst på dagsordenen.