1 / 16

Oljelandet Noreg

Oljelandet Noreg. Foto: OLF. Oljelandet Noreg. Petroleumsverksemda har hatt mykje å seie for Noreg. Over 40 års aktivitet har gitt verdiar for over 8000 milliardar kroner. I 2009 stod petroleumssektoren for 21 prosent av verdiskapinga i landet. . Foto: Dundak.

diallo
Download Presentation

Oljelandet Noreg

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Oljelandet Noreg Foto: OLF

  2. Oljelandet Noreg • Petroleumsverksemda har hatt mykje å seie for Noreg. • Over 40 års aktivitet har gitt verdiar for over 8000 milliardar kroner. • I 2009 stod petroleumssektoren for 21 prosent av verdiskapinga i landet. Foto: Dundak Norsk Oljemuseum ligg i oljehovudstaden Stavanger.

  3. Oljelandet Noreg • I tida etter andre verdskrigen var det få som trudde at det fanst olje og gass langs norskekysten. • Eit gassfunn i Nederland førde likevel til at fleire meinte at det kunne finnasttilsvaranderessursar i Nordsjøen. Ill: David Liuzzo/PowerPed I 1958 slo konvensjonen om kontinentalsokkelen fast at kyststatar hadde einerett til utforsking og utnytting av naturførekomstane på sjøbotnen og i undergrunnen av kontinentalsokkelen.

  4. Oljelandet Noreg • I 1962 søkte Phillips Petroleum om å få lov til å leite etter olje på norsk sokkel. • Året etter proklamerte regjeringa norsk suverenitet over den norske kontinentalsokkelen. • Regjeringa meinte at dersom områda skulle opnast for leting, måtte fleire selskap delta. Foto: Leif Ørnelund, Oslo Museum Selskapa kunne få lov til utføre undersøkingar, men dei fekk ikkje løyve til å bore etter olje. Einar Gerhardsen var norsk statsminister i store delar av etterkrigstida. Perioden 1945-1965 blir ofte kalla for Gerhardsen-epoken i norsk politikk.

  5. Oljelandet Noreg • I 1965 fekk oljeselskap lov til å undersøkje, bore og utvinne olje i ulike område. • Den fyrste leitebrønnen som blei bora var utan olje. • Esso og Phillips gjorde olje- og gassfunn, men desse var ikkje drivverdige. Mot slutten av 1960-åra hadde oljeselskapa bora til saman 37 oljebrunnar utan interessante funn.

  6. Oljelandet Noreg • Den 25. oktober 1969 gjorde Phillips tidenes største oljefunn til havs i Ekofiskfeltet. • I dei følgjande åra blei det gjort fleire store funn på norsk sokkel. • Den norske oljeproduksjonen tok til for alvor. • Gradvis blei norsk olje- og gassverksemd flytta nordover. • Det blei gitte utvinningsløyve i Norskehavet og Barentshavet. Ein måtte utvikle ny teknologi som kunne tole å operere i dei verharde områda. Det blei bygd fraktskip, oljeplattformer og oljerøyrleidningar.

  7. Oljelandet Noreg • Norske politikarar la føringar for oljepolitikken. • Olje- og gassressursane skulle utnyttast til beste for fellesskapet. • Ein skulle skape eit betre samfunn. • Ein oppretta det statlege oljeselskapet Statoil. Av alle nye utvinningsløyve skulle staten eige minst 50 prosent. Foto: OLF

  8. Oljelandet Noreg • Noreg er i dag ein av dei største eksportørane av olje og gass i verda. • På norsk sokkel finst det 63 felt som produserer olje og 51 felt som produserer gass. • Oljeproduksjonen nådde toppen i år 2000, og har sidan sokke. • Produksjonen av gass har meir enn dobla seg sidan tusenårsskiftet. Norsk petroleumsproduksjon, 1971-2010, millionar standard kubikkmeter Foto: OLF

  9. Oljelandet Noreg Det norske gasstransportsystemet er eit nettverk av røyrleidningar som til saman har ei lengd på 8 000 kilometer. Norskprodusert gass dekkjer om lag 20 prosent av det europeiske forbruket. Gassen blir eksportert til alle store land i Vest-Europa, deriblant Tyskland, Frankrike, Storbritannia og Belgia. Illustrasjon: Oljedirektoratet

  10. Oljelandet Noreg • I 1990 blei Oljefondet oppretta. • Oljefondet har som formål å forvalte formuen som kjem frå norsk petroleumsverksemd. • Fondet skal sørgje for å sikre framtidige pensjonsutbetalingar. Foto: Katrine Lunke I juni 2011 blei Oljefondet vurdert til å vere det største statsfondet i verda. Fondet hadde då ein verdi av 3 100 milliardar kroner.

  11. Oljelandet Noreg • Oljepengane blir plasserte i utanlandske eigedelar som aksjar, obligasjonar og eigedom. • Det er Noregs Bank som står for forvaltninga av Oljefondet. Foto: Rødt nytt Foto: Norges Bank Oljefondet skal ikkje investere i selskap som produserer tobakk. Fondet skal heller ikkje investere i verksemd som fører til korrupsjon, miljøskade eller som krenkjermenneskerettane.

  12. Oljelandet Noreg • Kvart år kan norske politikarar bruke av avkastninga frå fondet. • Handlingsregelen seier at ein kan bruke 4 prosent av verdien på fondet ved begynninga av året. Foto: Berit Roald, Scanpix Norske regjeringar har som regel brukt meir enn 4 prosent av verdien på fondet.

  13. Oljelandet Noreg • Norsk økonomi er svært avhengig av olje- og gassinntektene. • Om lag ein fjerdedel av verdiskapningen i landet kjem fråpetroleumsverksemda. • Dette kan gjere oss sårbare ovanforendringar i prisen på gass og olje. Foto:Javier Blas

  14. Oljelandet Noreg • Ein trur at om lag to tredelar av oljereservane på norsk sokkel er tekne ut. • Sommaren 2011 blei det gjort eit stort funn i Nordsjøen. • Norskehavet og Barentshavet er mindre utforska, og einforventar at det vil bli gjort fleire store funn der. Oljeboring i Lofoten og Vesterålen er omstridd fordi områda er særleg miljøkjenslevare. Illustrasjon: Oljedirektoratet

  15. Oljelandet Noreg • Om lag 30 prosent av alleCO₂-utslepp i Noreg kan knytast til produksjon av olje og gass. • Norsk petroleumsindustri er likevel meir miljøvennleg enn tilsvarande produksjon i mange andre land. • Forbruk av olje og gass fører til store CO₂-utslepp. Somme meiner at det er betre at Noreg forsyner verda med olje og gass enn at denne blir erstatta av meirforureinande kol.

  16. Oljelandet Noreg

More Related