160 likes | 262 Views
Oljelandet Noreg. Foto: OLF. Oljelandet Noreg. Petroleumsverksemda har hatt mykje å seie for Noreg. Over 40 års aktivitet har gitt verdiar for over 8000 milliardar kroner. I 2009 stod petroleumssektoren for 21 prosent av verdiskapinga i landet. Foto: Dundak.
E N D
Oljelandet Noreg Foto: OLF
Oljelandet Noreg • Petroleumsverksemda har hatt mykje å seie for Noreg. • Over 40 års aktivitet har gitt verdiar for over 8000 milliardar kroner. • I 2009 stod petroleumssektoren for 21 prosent av verdiskapinga i landet. Foto: Dundak Norsk Oljemuseum ligg i oljehovudstaden Stavanger.
Oljelandet Noreg • I tida etter andre verdskrigen var det få som trudde at det fanst olje og gass langs norskekysten. • Eit gassfunn i Nederland førde likevel til at fleire meinte at det kunne finnast tilsvarande ressursar i Nordsjøen. Ill: David Liuzzo/PowerPed I 1958 slo konvensjonen om kontinentalsokkelen fast at kyststatar hadde einerett til utforsking og utnytting av naturførekomstane på sjøbotnen og i undergrunnen av kontinentalsokkelen.
Oljelandet Noreg • I 1962 søkte Phillips Petroleum om å få lov til å leite etter olje på norsk sokkel. • Året etter proklamerte regjeringa norsk suverenitet over den norske kontinentalsokkelen. • Regjeringa meinte at dersom områda skulle opnast for leting, måtte fleire selskap delta. Foto: Leif Ørnelund, Oslo Museum Selskapa kunne få lov til utføre undersøkingar, men dei fekk ikkje løyve til å bore etter olje. Einar Gerhardsen var norsk statsminister i store delar av etterkrigstida. Perioden 1945-1965 blir ofte kalla for Gerhardsen-epoken i norsk politikk.
Oljelandet Noreg • I 1965 fekk oljeselskap lov til å undersøkje, bore og utvinne olje i ulike område. • Den fyrste leitebrønnen som blei bora var utan olje. • Esso og Phillips gjorde olje- og gassfunn, men desse var ikkje drivverdige. Mot slutten av 1960-åra hadde oljeselskapa bora til saman 37 oljebrunnar utan interessante funn.
Oljelandet Noreg • Den 25. oktober 1969 gjorde Phillips tidenes største oljefunn til havs i Ekofiskfeltet. • I dei følgjande åra blei det gjort fleire store funn på norsk sokkel. • Den norske oljeproduksjonen tok til for alvor. • Gradvis blei norsk olje- og gassverksemd flytta nordover. • Det blei gitte utvinningsløyve i Norskehavet og Barentshavet. Ein måtte utvikle ny teknologi som kunne tole å operere i dei verharde områda. Det blei bygd fraktskip, oljeplattformer og oljerøyrleidningar.
Oljelandet Noreg • Norske politikarar la føringar for oljepolitikken. • Olje- og gassressursane skulle utnyttast til beste for fellesskapet. • Ein skulle skape eit betre samfunn. • Ein oppretta det statlege oljeselskapet Statoil. Av alle nye utvinningsløyve skulle staten eige minst 50 prosent. Foto: OLF
Oljelandet Noreg • Noreg er i dag ein av dei største eksportørane av olje og gass i verda. • På norsk sokkel finst det 63 felt som produserer olje og 51 felt som produserer gass. • Oljeproduksjonen nådde toppen i år 2000, og har sidan sokke. • Produksjonen av gass har meir enn dobla seg sidan tusenårsskiftet. Norsk petroleumsproduksjon, 1971-2010, millionar standard kubikkmeter Foto: OLF
Oljelandet Noreg Det norske gasstransportsystemet er eit nettverk av røyrleidningar som til saman har ei lengd på 8 000 kilometer. Norskprodusert gass dekkjer om lag 20 prosent av det europeiske forbruket. Gassen blir eksportert til alle store land i Vest-Europa, deriblant Tyskland, Frankrike, Storbritannia og Belgia. Illustrasjon: Oljedirektoratet
Oljelandet Noreg • I 1990 blei Oljefondet oppretta. • Oljefondet har som formål å forvalte formuen som kjem frå norsk petroleumsverksemd. • Fondet skal sørgje for å sikre framtidige pensjonsutbetalingar. Foto: Katrine Lunke I juni 2011 blei Oljefondet vurdert til å vere det største statsfondet i verda. Fondet hadde då ein verdi av 3 100 milliardar kroner.
Oljelandet Noreg • Oljepengane blir plasserte i utanlandske eigedelar som aksjar, obligasjonar og eigedom. • Det er Noregs Bank som står for forvaltninga av Oljefondet. Foto: Rødt nytt Foto: Norges Bank Oljefondet skal ikkje investere i selskap som produserer tobakk. Fondet skal heller ikkje investere i verksemd som fører til korrupsjon, miljøskade eller som krenkjermenneskerettane.
Oljelandet Noreg • Kvart år kan norske politikarar bruke av avkastninga frå fondet. • Handlingsregelen seier at ein kan bruke 4 prosent av verdien på fondet ved begynninga av året. Foto: Berit Roald, Scanpix Norske regjeringar har som regel brukt meir enn 4 prosent av verdien på fondet.
Oljelandet Noreg • Norsk økonomi er svært avhengig av olje- og gassinntektene. • Om lag ein fjerdedel av verdiskapningen i landet kjem frå petroleumsverksemda. • Dette kan gjere oss sårbare ovanfor endringar i prisen på gass og olje. Foto:Javier Blas
Oljelandet Noreg • Ein trur at om lag to tredelar av oljereservane på norsk sokkel er tekne ut. • Sommaren 2011 blei det gjort eit stort funn i Nordsjøen. • Norskehavet og Barentshavet er mindre utforska, og ein forventar at det vil bli gjort fleire store funn der. Oljeboring i Lofoten og Vesterålen er omstridd fordi områda er særleg miljøkjenslevare. Illustrasjon: Oljedirektoratet
Oljelandet Noreg • Om lag 30 prosent av alle CO₂-utslepp i Noreg kan knytast til produksjon av olje og gass. • Norsk petroleumsindustri er likevel meir miljøvennleg enn tilsvarande produksjon i mange andre land. • Forbruk av olje og gass fører til store CO₂-utslepp. Somme meiner at det er betre at Noreg forsyner verda med olje og gass enn at denne blir erstatta av meirforureinande kol.