160 likes | 309 Views
Nye nasjonale føringar innan helse og omsorg. KrF Jølster sitt årsmøte februar 2013 Irene Barmen Hoel Kjelde: Stortingsmelding nr.10 (2012-2013) «God kvalitet - trygge tjenester». Kva er kvalitet?. Kvalitet er forholdet mellom det som vert forventa og det som vert levert.
E N D
Nye nasjonale føringarinnan helse og omsorg KrF Jølster sitt årsmøte februar 2013 Irene Barmen Hoel Kjelde: Stortingsmelding nr.10 (2012-2013) «God kvalitet - trygge tjenester»
Kva er kvalitet? • Kvalitet er forholdet mellom det som vert forventa og det som vert levert. • God kvalitet er levering av teneste på nivå med det vi forventar, og betre • Dårleg kvalitet er under det nivået som vi forventar
Utfordringar for helsetenesta • Pasientsikkerhet, mange skada av uønska hendingar • Mange får infeksjonar som kunne vore unngått • Mange vert feilmedisinert, særleg i forb.m. overgangar • Lang ventetid for å komme til behandling • Mangelfull koordinering av tenester, lite samhandling • Mangelfull kvalitetsstyring og manglande informasjon • Stor variasjon i tilbodet alt etter kvar ein bur • Kvalitetsarbeidet er lite forankra i leiinga
Utfordringar for kommunane • Samhandlingsreforma • Tidlegare utskriving frå sjukehus, meir krevjande pasientgruppe • Samhandling med spesialisthelsetenesta • Forebyggande helsearbeid • Utnytte fastlegane sin kompetanse • Endra prioritering av arbeidet • Manglande kompetanse i omsorgssektoren, ufaglærte • Mange eldre er underernærte i sjukeheimar
Kva er svaret frå styresmaktene? Svaret er ikkje meir ressursar, men • Dei forventar at helsetenesta skal endre arbeidsmåtar og tilnærmingsmåtar • slik at ressursane vert utnytta betre og • dei rette tenestene vert prioriterte • Tettare kopling mellom kvalitet og økonomi • Endringar i lovverk og forskrifter
Ansvarsplassering • Ansvaret for at tenestetilbodet er av god kvalitet, kviler på dei folkevalde • Derfor må politikarane få god styringsinformasjon • KS vil medverke til at kommunane etablerer gode kvalitetssystem • Helse- og omsorgstenestene har eit sjølvstendig ansvar for å utgreie årsaker til uønska hendingar og iverksetje tiltak for å minimalisere risikoen for pasientskadar.
Signal frå styresmaktene • Oppheve skiljet mellom rettighetspasient og ikkje • Meir aktiv pasient- og brukarrolle • Styrke dei tilsette sin kompetanse • Forbetre organisasjonen, styrke og ansvarleggjere leiarane • Styrke forbetringskunnskapen i utdanningane • Følge med og evaluere tenestene, fleire målingar • Systematisk kvalitetsforbetring i tenestene • Betre pasientsikkerhet og færre uønska hendingar • Større åpenhet om kvalitet og pasientsikkerhet • Fokus på heilhetlege pasientforløp • Vurderingsfrist endrast frå 30 til 10 virkedagar
Meir aktiv pasient- og brukarrolle • Opplæring til å ta ansvar for eiga helse • Fleire brukarerfaringsundersøkingar • Utforme nye verktøy for å kunne gjere kvalifiserte valg • Endre helselovgjevinga for å styrke pasientane og pårørande si rettsstilling i tilsynssaker • Meir sjølvbetjening, t.d. timebestilling på nett • Brukarvenleg informasjon • Rett til informasjon om helsetilstanden og helsehjelpa
Eigenomsorg og meistring • Pasientane vert oppfordra til å setje mål for eiga helse og helseadferd • Pasientar skal sjølv registrere symptom, måle effekt av behandling og sende resultatet til legen, telemedisin • Pasientar må få nok kunnskap om eigen sjukdom til å kunne vurdere når det er nødvendig å søke lege • Lærings- og meistringstilbod i kommunane • Tettare samarbeid med pårørande og med brukarorganisasjonane
Åpenhet om kvalitet • Åpenhet om uønska hendingar er ei forutsetning for å få kjennskap til, lære av og forebygge slike hendingar. • Uønska hendingar må meldast i organisasjonen • Kvalitet kan målast, og målingane må vere til å stole på • Resultata må bli kjent for pasientane • Pasientskadar bør offentleggjerast slik at pasientane kan gjere valg om kvar dei vil bli behandla • Kor mange får trykksår? Kor mange er underernært? Kor mange fell og bryt bein i institusjon? Kor mange blir sjuke av feilmedisinering?
Helse- og omsorg i kommunene • Kommunane skal få auka kompetanse om systematisk kvalitetsarbeid. • Det skal gjerast mange målingar av kvaliteten • Lokalpolitisk behandling av kvalitetskrav vert fastsett i forskrift • Auka samarbeid med KS gjennom ny kvalitetsavtale • Forskrift om kvalitet i pleie-og omsorgstenestene gjev kommunane eit verktøy for å stille krav til kvalitet på kommunale tenester og gjer tydeleg kva brukarane kan forvente seg av tenesta
Nasjonale kvalitetsforbetringstiltak • 5-årig nasjonalt program for pasientsikkerhet • Utvikle nye målingar av kvalitet • Arbeide for «en innbygger – en journal» • Informasjon på helsebiblioteket.no • Vidareutvikle den offentlege helseportalen helsenorge.no med tilgang til eigne helseopplysningar, elektronisk dialog mellom pasient og behandlar, tilgang til informasjon om sjukdom, behandling, rettigheter, resultat frå kvalitetsmålingar, e-resept m.m. • Inkludere kommunane i meldeordning av uønska hendingar til Kunnskapssenteret
Nye tiltak vidare • Etablere eit sentralt helseregister • Lage ei felles forskrift for internkontroll, kvalitet og pasientsikkerhet • Etablere kompetansesenter for kunnskapsstøtte til kommunane • Elektronisk pasientjournal • Endringar i pasient- og brukerrettighetsloven • Arbeid med nasjonale faglege retningslinjer • Stimulere til utvikling av læringsnettverk • Satse på opplæring og kompetanseheving av leiarar
Pasientsikkerhetskampanjen Desse tiltaka er aktuelle i kommunane: • Legemiddelbruk i sjukeheim • Legemiddelbruk i heimesjukepleien • Forebygging av urinveisinfeksjonar • Forebygging av trykksår • Forebygging av fall og fallskader • Forebygging av overdosedødsfall etter utskriving frå institusjon
Fastlegeforskrifta • Gjeldande frå 01.01.13 • Krav om at pasientane skal få time innan 5 dagar • Krav om svar på telefon innan 2 minutt (80%) • Plikt til heimebesøk • Ansvar for å føre legemiddelliste for dei som har mange medisiner • Legge til rette for elektronisk timebestilling • Skal tilby forebyggande behandling • Skal ha oversikt over kven som har behov for koordin.
Målsetjing Kvalitetsarbeidet skal føre til • Betre helse • Meir tilfredse pasientar • Betre utnytting av ressursane • Større åpenhet om kvalitet og pasientsikkerhet • Lik tilgang til helsetenester • Gjere pasientane i stand til å ta valg i høve eiga helse og helsetenester