210 likes | 369 Views
Bruk av beite i oppdrett og kjøtproduksjon på storfe Del II. Rådgivar i Nortura. Overgang til beite. Foto: Anders Bergum. Overgangsfôring til beite. Reduser kraftfôrmengdene siste månaden, men gi tilskot av mineral og vitamin
E N D
Bruk av beite i oppdrett og kjøtproduksjon på storfeDel II Rådgivar i Nortura Beitebruk for kjøttproduksjon
Overgang til beite Foto: Anders Bergum Beitebruk for kjøttproduksjon
Overgangsfôring til beite • Reduser kraftfôrmengdene siste månaden, men gi tilskot av mineral og vitamin • Tilleggsfôring av kraftfôr og gjerne høy/tørt rundballesurfôr den første tida på beite • Kraftfôrautomat til ammekalvar er aktuelt både i kalvegøyme inne og ute på beite • Alltid tilgang på nok reint og friskt vatn • Ly for regn, vind og sol Er gjerdet rundt innmarka godt nok? Beitebruk for kjøttproduksjon
Tidleg slepping på vårbeite Beitebruk for kjøttproduksjon
Dyra styrer beitetilveksten • Tidlegg slepping i den beste veksttida på våren, gjerne 5-8 cm beitehøgde ved slepping • Reguler beitetilgangen med endring i areal eller dyretal • Rolige dyr i godt hold er teikn på gode beite • Storfe kan gjerne sambeita med sau eller hest for å utnytta eller pussa beita betre • Unngå mykje dyretråkk på fuktige beite i nedbørsperiodar for eksempel om hausten Beitebruk for kjøttproduksjon
Fôrenhetsverdien synker mye etter skyting (etter Surfôrboka, Mo 2005) Beitebruk for kjøttproduksjon
Strategiar ved bruk av ulike beite • Kombinera hausting og beiting av dyrka mark • Beiting og maskinell pussing av innmarksbeite • Ulik gjødsling (tidspunkt og mengde) • Justera dyretal etter beitetilgang • Sambeiting av åringsdyr og eldre med utslakting ut over sommaren • Tilleggsfôring ut over sommar/tidleg haust Beitebruk for kjøttproduksjon
Permanent beite med ulik avbeiting Foto: Astrid Sandvik Beitebruk for kjøttproduksjon
Vekst og utvikling av storfe på beite Generelt: • Vekst er ein prosess der dyret blir større til slutt vaksen • Nervevev og bein utviklar seg først. Deretter bindevev og musklar og til slutt feitt • Forholdet feitt:protein aukar med alderen spesielt når dyra nærmar seg vaksenvekt og blir sterkt fôra • Det går dobbelt så mykje energi til å produsera 1 kg feitt som ein kg protein (muskel) • Friske dyr med nok plass veks etter den næringa dei får På beite: • Veg eller brystmål (cm) ungdyra før beiteslepp og ca 14 dagar etter innsetting om hausten • Er tilveksten som forventa, sjå vekstkurve på neste lysark Beitebruk for kjøttproduksjon
Beite - inseminering • Inseminering i mai/juni på kviger byr på vanskelige avveininger. Skal en inseminere litt små kviger før utslipp, eller skal en vente til høsten? • Med en beiteperiode på flere måneder, blir store kviger som slippes ut uten å bli ins. lett 28-30mnd. ved kalving. Mange brukere burde antagelig hatt fanghekk med mulighet for enkelt å ins. kviger som viser brunst på beite. Beitebruk for kjøttproduksjon
Tilleggsfôring på beite -mineral • Kalvar under 5 månader utan amming bør ha tilskot på kraftfôr • Gi gjerne kraftfôr i kalvegøyme til ammekalvar (kraftfôrautomat). Det kan auka tilvekst på beite og gjera avvenninga lettare • Alle storfe på beite bør ha tilgang på saltstein • Mineraltilskot på innmarksbeite er aktuelt • Analyseresultat av grovfôr og beite syner at det ofte kan bli snau tilførsel av fosfor, natrium, svovel, kopar, kobolt og selen • Vurder behovet i samråd med lokal rådgivar eller veterinær Beitebruk for kjøttproduksjon
Tabell 1. Behov for mineral i g/kg tørrstoff i totalrasjonen(INRA/Frankrike, 1988; Landsudvalget for Kvæg/Danmark, 1992; NJF/Nordisk arbeidsgruppe, 1975) Beitebruk for kjøttproduksjon
Kan utmarksbeite avlasta innmarksbeite? Fjellbeite i Grimsdalen, Oppland Foto: Håvard Steinshamn, Bioforsk 2008 Beitebruk for kjøttproduksjon
Parasittar kan gjera stor skade • Mykje parasittsmitte i permanente beite som årleg blir brukt til kalvar og ungdyr • Larver overlever vinteren i beite. Tørre somrar kan redusera smitten • Rundormar i løypemagen og tunntarmen gir størst skade • Dyr som viser teikn på problem (tynne, diare, dårleg matlyst) må tas bort frå beite og behandlast straks • Smittepress og kondisjonen til dyra ved slepping er avgjerande. Ammekalvar er mindre utsette enn andre kalvar • Førebyggjande behandling bør diskuterast med dyrlegen Beitebruk for kjøttproduksjon
Beitestrategi - parasittar • Smittefrie beite til unge kalvar som ikkje går med mora • La beitet få eit ”friår” frå ungdyr • Eldre storfe er meir immune og vil ikkje smitta ned beita slik som ungdyr • Sambeiting med hest/sau er gunstig for å redusera smitten • Best er å beita vekselvis eit år med storfe og eit anna år med sau/hest eller ta ein slått av beitearealet • Vent med å ha førstegangsbeitarar på smitta beite til sist i juni • Bruk håbeite til ungdyra eller utmarksbeite Beitebruk for kjøttproduksjon
Slutten av beiteperioden • Fint at dyra kan gå ute lengst mogeleg • Oksekalvar bør takast i frå og få sterkare fôring etter sommarbeite, avhengig av alder • Tilleggsbeite av raigras eller hå er ofte nødvendig ut over hausten • Tilleggsfôring er aktuelt utover i oktober og november. Husk at ungdyra ofte blir taparar i matfatet saman med dei vaksne kyrne • Gi tillegg av mineral og vitamin Beitebruk for kjøttproduksjon
Tilsyn på beite • Føremål med tilsyn: Sikra god dyrevelferd og oppnå tamme dyr • Tilsyn kvar dag på innmarksbeite • Tilsyn kvar veke på utmarksbeite • Alltid tilgang på reint og friskt vatn • Nok beitegrøde for tilvekst og utvikling • Kontroll med skada eller sjuke dyr • Oppdaga rovdyrangrep • Kontroll med gjerde Beitebruk for kjøttproduksjon
Konklusjon • I ammekuproduksjonen kan over 40 % av næringsbehovet koma frå beite • Ikkje undervurder kva beite har å seia for dyrevelferd og økonomi i ammekubuskapen • Grasveksten og avbeiting på innmarksbeitet må styrast • Utmarka er ein stor ressurs når vilkåra ligg til rette for det • Tilvekst på 1000-1100 g/dag for ammekalvar og 600 g/dag for kviger og kastratar på godt beite. • Kontroll med parasittar er eit absolutt krav • Godt tilsyn på alle beite Beitebruk for kjøttproduksjon