300 likes | 773 Views
Beitebruk til sau og storfe. Eit kurs utarbeidd av Norsk Landbruksrådgiving og Nortura Fire samlingar Vintermøte med førebuing To markdagar – vår og seinsommar/haust Fôring og beitestell ved slepp Haustbeite til framfôring Haustmøte med oppsummering
E N D
Beitebruk til sau og storfe • Eit kurs utarbeidd av Norsk Landbruksrådgiving og Nortura • Fire samlingar • Vintermøte med førebuing • To markdagar – vår og seinsommar/haust • Fôring og beitestell ved slepp • Haustbeite til framfôring • Haustmøte med oppsummering • Materiell utarbeidd sentralt med lokal tilpassing til eigne tilhøve • Tema i dag: VEDLIKEHALD • KULTURBEITE Beitebruk for kjøtproduksjon
Jordbruksareal - definisjonar • I rettleiingshefte for produksjonstilskot i jordbruket frå SLF, er jordbruksareal definert i tre hovudkategoriar: • Fulldyrka jord: jordbruksareal som er dyrka til vanleg pløyedjupn og kan nyttast til åkervekstar eller eng. Arealet kan la seg fornya ved pløying. • Overflatedyrkajord: jordbruksareal som for det meste er rydda og jamna i overflata, slik at det kan haustast maskinelt. • Innmarksbeite: jordbruksareal som kan brukast til beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Minst 50 % av arealet skal vera dekka av grasartar og beitetålande urter. Det er slikt areal mange kallar kulturbeite. Beitebruk for kjøttproduksjon
Råd for vedlikehald av kulturbeite • Hald oppe høgt nok beitetrykk • Puss av utvakse gras og følg etter med overgjødsling • Rydd busker, kratt og overskot av tre • Set inn tiltak mot ugrasutbreiing • Kjenn til dei giftige plantene Beitebruk for kjøtproduksjon
For lågt beitetrykk!!! Beitebruk for kjøtproduksjon
For lågt beitetrykk, avpussing • Det er viktig med avpussing av utvakse gras som står att etter beiting, bruk slåmaskin etterfølgt av overgjødsling Beitebruk for kjøtproduksjon
Rydding av busker, kratt og tre • Rydd busker, kratt og tre ved hjelp av motor- eller ryddesag. La stå att tre til livd og skugge for dyra. Behandl trestubben med glyfosat for å unngå renningar. (Søk gjerne kommunen om SMIL-midlar til dette.) Foto: Magnhild Aspevik Foto: Astrid Sandvik Beitebruk for kjøtproduksjon
Stubbebehandling av lauvtre • Biologi Etter rydding av lauvtre, blir danning av nye skot frå stubben og røtene stimulerte. • Mekaniske tiltak Med stort nok beitepress kan ein halde nye skot nede, med unnatak av or, som dyra ikkje er glade i . Snauhogst gir meir lys og stimulerer til fleire og kraftigare skot enn dersom ryddinga blir gjort over lengre tid og nokre tre står att. Ringbarking kan gjerast heile året. Først 2 år etter ringbarking kan treet fellast. Då er treet og rota daudt. Beitebruk for kjøtproduksjon
…………..Stubbebehandling av lauvtre • Kjemiske tiltak • Stubbebehandling med Roundup blanda med vatn 1:3 må skje innan 8 timar etter hogst. • Stubben kan sprøytast heile året med unnatak av april/mai når sevja stig. Fargestoffet “Blå Markeringsfarge” lettar gjerne arbeidet. Blir stubben gammal, må det skjerast av 2-3 cm for å koma ned til frisk ved. • Selje og osp har begge felles rotsystem med andre tre av arten. Stubbebehandling av desse vil kunna drepa fleire enn dei behandla trea. Beitebruk for kjøtproduksjon
Ugras i beite Bekjemp ugras som lyssiv, myrtistel og andre to- og fleirårige ugras før dei dominerer heile område Foto: Astrid Sandvik Beitebruk for kjøtproduksjon
Indikatorplanter i beite • Våt jord: Vassarv, dikesvineblom, knereverumpe, sølvbunke, lyssiv, knappsiv, myrsnelle, engsoleie, krypsoleie, engkarse • Sur jord: Linbendel, stemorsblom, åkerreddik, engkvein, sølvbunke, engsyre, småsyre, engmose • Næringsfattig jord: Engkvein, raudsvingel, småsyre, følblom, engmose • Pakka jord: Tungras, tunrapp, knereverumpe • Hardt beitepress og mykje trakk: Vassarve og kjeldeurt, tunrapp og knereverumpe • Næringsrik jord: Brennesle • God pH (+lite gjødsling): Kløverarter Beitebruk for kjøtproduksjon
Spesielle reaksjonar av nokre ugras • Vraka på beite: Sølvbunke, engsoleie (gjeld ikkje for sau), stornesle, tistel utegangarsau et rosetten vinterstid), høymole • Inneheld giftstoff: Engsoleie (gjeld ikkje for sau), myrsnelle, dikesvineblom, rome o.fl. • Skadar slimhinner: Sølvbunke (gjeld ikkje unge planter) Beitebruk for kjøtproduksjon
Ugras som ein ofte finn i kulturbeite • Myrtistel • Lyssiv • Høymole • Sølvbunke • Engsoleie • Vassarve • Kjeldeurt • Kveke og krattlodnegras Beitebruk for kjøtproduksjon
Myr-, veg-, kruse- og åkertistel Biologi Dei tre første er toårige planter med pålerot. Åkertistel er fleirårig og spreier seg med stort rotsystem. Alle formeirer seg med frø. Bløming juli–sept. Utbreiing Myrtistel(Cirsiumpalustre) likar seg best på myr og vassjuk jord. Det er denne tistelarten som er vanlegast i våre beite. Foto: Kristin Vigander Skullerud Beitebruk for kjøtproduksjon
……Myr-, veg-, kruse- og åkertistel Mekaniske tiltak • Alt. 1 Fjerning av bladrosett like under jordoverflata med hakke eller spade er effektivt. Pass på å kappa under nederste blad. • Alt. 2 Slått av blomestengel før bløming med ljå, ryddesag ol. Planta kan laga sideskot etter tidleg slått, og slått fleire gonger kan derfor vera aktuelt. Ved sein slått har blomestilken nok næring att til å utvikla frø. • Salt eller mineralgjødsel i bladrosetten i tørt ver vil kunna tørka ut planta. Kjemiske tiltak • Roundup kan brukast ved brakking og fornying av beite. • MCPA med klebemiddel har best effekt. Kløver kan skadast ved behandling. Viktig med tidleg behandling,-når plantene er på rosettstadiet. Beitebruk for kjøtproduksjon
Lyssiv og knappsiv Lyssiv (Jûncus effusus) Knappsiv (Jûncus conglomerâtus) Beitebruk for kjøtproduksjon
………………….Lyssiv og knappsiv Før vaks siv langs bekkar, på våte område og på ”tilrota” område (etter grøfting og vegbygging). Dei seinare åra har sivet breia seg mykje, også på tørr mark i aktiv drift i kystområda på Vestlandet, særleg på beite. Botanikk og veksemåte Dei to artane lyssiv og knappsiv er nært i slekt og svært like. Begge har kjenneteikna: Veks i store, faste tuer. Strå opp til ein meter høge. Både strå og blad er runde. Blad ovanfor knappen ser ut som framhald av stengelen. Spreiing mest med frø og noko med jordstenglar. Beitebruk for kjøtproduksjon
………………….Lyssiv og knappsiv Lyssiv/veikjegras • Blomen er ein laus knapp. • Friskt grønt strå, glatt og glinsande. • Skumgummiliknande marg som kan plukkast ut som • ein streng. Knappsiv • Blomen er ein tett knapp. • Mattgrønt strå med langsgåande riller som gir ru overflate. • Margen består av lause, kvite trådar. Kan ikkje plukkast ut. Beitebruk for kjøtproduksjon
………………….Lyssiv og knappsiv • Moglege årsaker til meir siv dei seinare åra? Meir ekstensiv drift med svak gjødsling, kalking og grøfting, og færre slåttar/beitingar Med mildare vintre veks sivet heile vinteren • Lyssivet har ein svampa marg inni. Oksygen slepp ned frå dei overjordiske delane via margen. Røtene kan såleis overleve i oksygenfritt miljø, til dømes vassjuk mark der graset ikkje overlever Beitebruk for kjøtproduksjon
Det er mogeleg å bli kvitt sivet! • Avpussing for å hindra frøspreiing • Vinterbeiting med utegangarsau/geit • Drenering, kalking og gjødsling Oftast kjem ein ikkje utanom sprøyting Kjemisk tiltak • Sprøyting gjerne i juni/juli. • Ein kan òg få godt resultat med sprøyting tidlegare eller seinare i sesongen. • Mekoprop har like god verknad som MCPA. Sidan ein kan sleppe dyra raskare på beite etter sprøyting med Mekoprop, blir denne tilrådd til sprøyting på beite. Beitebruk for kjøtproduksjon
Fleiråreg stadbunden med pålerot Skadde røter, spesielt dei øvre 2-3 cm, kan danna nye planter (må ha lys) Mekaniske tiltak Fjern heile planta ned til og med 2-3 cm. ned i jorda. Ikkje la plantene ligga att på bakken, brenn dei. Kjemiske tiltak Det finst fleire kjemiske middel Høymole (Rumex) Beitebruk for kjøtproduksjon
Sølvbunke(Deschampsia cespitosa) Biologi Fleiråreg plante som spreier seg berre med frø Utbreiing Ofte i eldre eng og beite. Likar fuktig, dårleg drenert og gjerne kalkfattig jord Mekaniske tiltak Har sølvbunke først teke overhand, er det vanskeleg å bekjempa mekanisk, men slått/beiting må styrast for å unngå frøsetting. Beiting med hest er effektivt. Kjemiske tiltak Sprøyting med Roundup ved god vekst. Fordel å fjerne daude tuer og så i med grasfrø. Beitebruk for kjøtproduksjon
Engsoleie(Ranunculus acris) Utbreiing Engsoleie trivest i svakt sur, fuktig, gjerne vassjuk jord – brysam i nordlegekyststrok Biologi Fleirårig plante med trevlerot. Berre frøformeiring. Friske planter i eng og beite blir rekna som giftige for storfe, men ikkje for sau. Gifta forsvinn ved ensilering eller høytørking. Ugunstig å få i siloslått grunna bitter smak. (Krypsoleie har rotslåande stenglar og er ikkje giftig.) Beitebruk for kjøtproduksjon
………. Engsoleie • Mekaniske tiltak Anna mekanisk bekjemping av engsoleie enn beiting med sau er lite aktuelt på grunn av at plantene etablerer seg spredt på heile skiftet og ikkje i tette bestandar. • Kjemiske tiltak Ved fornying av eng kan Roundup brukast i samband med brakking. Express + klebemiddel (kan skada kløver) Mekoprop eller MCPA + Mekoprop Beitebruk for kjøtproduksjon
Krattlodnegras og kveke Kveke (Elytrigiarepens) Krattlodnegras(Holcusmollis) Beitebruk for kjøtproduksjon
Krattlodnegras og kveke • Desse grasa kan vera utbreidd i større eller mindre område i gamle kulturbeite. Dei kjem tidleg om våren, har knebøgde stenglar og ”legg seg tidleg”. Særleg gjeld dette for krattlodnegraset som er svært mjukt og vert brunt i rota ganske tidleg på sommaren. Grasa har liten næringsverd for dyra og vert vraka. • Sidan dette dreiar seg om gras, er brakking og innsåing med nytt gras einaste måten å kvitta seg med desse på. Beitebruk for kjøtproduksjon
Vassarve (Stellaria media) Biologi Vintereittåreg plante som spreier seg med frø og rotslåande stengel Utbreiing Trivest best i rått og kjøleg kystklima Spirer lett i blaute beite med trakkskader og hard beiting Mekaniske tiltak Unngå hard haustbeiting, redusere beitetrakk og førebygg sår i plantedekket Kjemiske tiltak Sprøytetidspunkt i april/mai eller august/ September. Det er dårleg effekt med for sein sprøyting om våren. Express + klebemiddel, Mekopropevt + MCPA. Beitebruk for kjøtproduksjon
Kjeldeurt(Mòntia fontana) Planta er eittårig, finst som toårig av og til. Planta trives best der det er vått, gjerne òg i små, grunne vasspyttar. Ho kan einskilde stader vera utbreidd over sur og våt innmark som først er haustbeitt og deretterer vårbeitt. Ho trivest i våte somrar og haustar. Med stort beitepress kan andre grasartar bli utkonkurrerte. Planta er utbreidd over heile landet. Beitebruk for kjøtproduksjon
…………Kjeldeurt • Kjemisk tiltak Ei kombi-blanding, Mecoprop kan ha verknad. Det er då viktig at det er grasartar til stades som kan ta over plassen. Tidleg sprøyting når kjeldeurta har eit par varige blad, vil truleg gje best resultat. Beitebruk for kjøtproduksjon
Giftige vintergrøne planter • Dei som har dyra ute om vintrane, må vera obs på at ein del vintergrøne hageplanter kan vera for freistande for dyra når all anna vegetasjon elles er brun og vissen. • Laurbærhegg, rododendron, pyramidelyng og barlind, er giftige. I tillegg er heile eller delar av desse plantene giftige Fargeginst , Kalmia/Sauekalmia, Liguster, Eføy, Kristtorn og Eikenøtter giftige. • I tillegg er dei fleste laukplantene som t.d. konvall, svibel, tidlaus, iris, påske- og pinseliljer og tulipan giftige. Beitebruk for kjøtproduksjon
…………Giftige vintergrøne planter • Tiltak • Dyr som tar mykje av fôret ute på råtegras og lyng og får lite og ikkje kraftfôr, og heller ikkje har tilgang til fjøre (tang, mineralsalt), må ha fri tilgang på mineratilskot. • Hagar med vintergrøn, giftige planter må skjermast frå sau som er ute om vinteren. Det er viktig å gjerda hagane inne, gjerdeplikta gjeld. Beitebruk for kjøtproduksjon