400 likes | 658 Views
Årsplan for Tørvikbygd barnehage. 2013 – 2014 Vår visjon ” verdifull bagasje på livsreisa ”. Innhald. Forord Glimt frå barnehagekvardagen Praktisk informasjon Presentasjon av personale Arbeidsmiljøet vårt Mål og visjon Satsingsområde Leik, humor og glede Medverknad
E N D
Årsplan for Tørvikbygd barnehage 2013 – 2014 Vår visjon ” verdifull bagasje på livsreisa ”
Innhald Forord Glimt frå barnehagekvardagen Praktisk informasjon Presentasjon av personale Arbeidsmiljøet vårt Mål og visjon Satsingsområde Leik, humor og glede Medverknad Dokumentasjon Kalender med ymse informasjon 2
Forord Årsplanen er eit bindeledd mellom personalet, foreldre og kommunen og skal synleggjera vårt pedagogiske arbeid. • Barnehagen sine styringsdokumenter er : • Barnehagelova • Rammeplan for barnehagar • Årsplan for kommunale barnehagar i Kvam 2005 – 2014; vert jobba med ein ny. • Service – erklæring for eining barnehage. • Vedtekter for kommunale barnehagar. Dette er ein årsplan som seier noko om Tørvikbygd barnehage som ein pedagogisk institusjon, kva som særpregar vår barnehage og kva me legg vekt på i det pedagogiske arbeidet med borna. Kvar avdeling vil laga sine årshjul / aktivitetsplanar på bakgrunn av årsplanen. Denne planen er meint som ein kalendar som foreldre kan bruka heile året. Me set inn viktige dagar i barnehageåret. Me vil og setja inn lappar som personalet pleier å dela ut i løpet av året ; fri i jula, fri i påske . Tanken er at kalendaren skal vera både årsplan og informasjonshefte. Kven og kva er Tørvikbygd barnehage ? 3
Praktisk informasjon Opningstid Barnehagen opnar dørene kl7.00, og stenger dørene kl1700. Barnet skal opphalda seg i barnehagen max 9 timar pr.dag Antalborn og tilsette Tørvikbygd barnehage består av ein utvida avdeling , og ein ordinær avdeling. I skrivande stund er det 34 born i barnehagen ; 23 på Vesoldo og 11 på Nuten. Småbarnsavdelinga heiter Nuten (0-3 år), her er det plass til 18 einingar kvar dag. På Vesoldo (3-6 år) er det plass til 24 born kvar dag. Pga av utvida avdeling, har me tre pedagogiske leiararstillingar på huset. Me er 10 tilsette inkludert styrar, i større eller mindre stillingar. Kontakt oss Adresse: Dragshagen 16, 5620 Tørvikbygd Telefon styrar: 56 55 68 03 E-post styrar: Akst@kvam.kommune.no Heimeside: www.kvam.no /barnehage Telefon Nuten: 56 55 68 05 Mobil Nuten: 94 16 55 05 Telefon Vesoldo: 56 55 68 04 Mobil Vesoldo: 95 74 09 09 Barnehagebygget Me ventar på å få eit nytt barnehagebygg. For tida oppheld me oss i Tørvikbygd bedehus. Bedehuset blir brukt til meir enn berre barnehage; deriblandt gravferder. Når det er gravferd i bedehuset må barnehagen vera ein annan stad. Då er me i gymsalen på skulen, og i lavvuen vår 5
Presentasjon av personalet Ann-Kristin styrar Grethe-Lill Pedleiar på Vesoldo Marte Pedleiar på Vesoldo Synneva Pedleiar på Nuten Kristin Pedleiardisp + barne og ungdomsarbeider på Vesoldo Ingrid assistent på Vesoldo Anne Kristin Barne og ungdomsarbeider på Nuten Svanlaug assistent på Nuten Torill assistent på Nuten Lotte Økland Lotte assistent på Vesoldo
Arbeidsmiljøet vårt Arbeidsmiljøet i Tørvikbygd barnehage skal vera prega av respekt for kvarandre som menneske , med den ulike livsbagasjen og kompetansen kvar og ein har. Arbeidsmiljøet skal vera slik at kvar og ein gledar seg til å gå på jobb, til å gje av seg sjølv , sin kunnskap , sin livsglede kvar dag. Me skal vera profesjonelle i arbeidet vårt , visa kvarandre empati og anerkjenning – samtidig som me har tillit til kvarandre og kan stola på at ting vert slik som me har bestemt. Det er eit mål at alle dreg i same retning – ein god og trygg barnehage som gjev verdifull bagasje på livsreisa ! Arbeidsmiljøet i vår barnehage skal vidare vera prega av fleksibilitet og trygghet , det skal vera inkluderande , slik at det er kjekt å vera nytilsett i vår barnehage. Det er viktig å unna kvarandre goder – alt er ikkje likt for alle alltid ! Det er eit mål at alle skal føla så stor tryggleik at ein klarar å vera open og ærleg om dei vanskelege sakene , like mykje som om dei positive sakene! Det er og krav til alle tilsette om å bidra på møter og reflektera saman om den pedagogiske praksisen og arbeidsmiljøet i barnehagen. Alle skal utvikla seg i barnehagen , både fagleg og personleg ! Det er 1 samtale med pedleiar i året , i oppstarten om forventningar og personlege og faglege målsetjingar for året . Ein medarbeidersamtale i januar / februar med styrar– der fokus er utvikling . I juni har me ein oppsummeringssamtale ; nådde eg måla mine og vart forventningane oppfylte ? Dette barnehageåret skal me finna ut kva humor og glede, fleksibilitet , trygghet og arbeidsmoral betyr i praksis . Gjer me det me seier me gjer ? Har me det slik som me seier me skal ha det ? 7
Mål og Visjon Visjonen til Tørvikbygd barnehage: Verdifull bagasje på livsreisa ! Me har alle vår livshistorie – åra barnet går i barnehagen vil vera ei viktig tid i barnet sin livshistorie. Me ynskjer at den tida barnet går i barnehage skal verta fylt med erfaringar som vil føra til at barnet får tru på seg sjølv , utviklar eit positivt sjølvbilde og opplever meistring og får gode føresetnadar for å lukkast i sosiale samspel med andre. Me vil at Tørvikbygd barnehage skal vera ein god, trygg og magisk stad for alle – både born, foreldre og tilsette ! Me som arbeider i Tørvikbygd barnehage ynskjer å bidra til at: • kvart einskild barn skal oppleva å verta sett kvar dag • kvart einskild barn føler seg verdsett og teken på alvor • kvart einskild barn opplever å setja pris på dei nære ting • kvart einskild barn kan finna kvila i ein travel kvardag , i eit samfunn med mange og store krav. • kvart einskild barn skal styrkja sin eigen sjølvoppfatning Me har fokus på kvaliteten i møtet mellom menneske – enten du er liten eller stor ; vaksen eller barn. 8
Satsingsområde Massasje og nærvær – kropp, helse og rørsle Forskning viser at massasje forbetrar borns relasjonar til kvarandre, forbetrar evne til innlæring og minskar aggressivitet. Å skapa stillhet og ro og tilstedeværelse i eit stressfritt miljø er viktig når krava og tempoet i bornas kvardag aukar , og barnegruppene ser ut til å verta større ( vaksentettleiken minkar ). Ei lita stund med massasje og nærvær har vist seg å ha positive effektar på miljøet i barnehage og skule. Utan hudberøring oppstår aggressivitet, engstelse og sjukdom. Med massasje og berøring finst det bevis for at det motsette skjer – BERØRING ER LIVSVIKTIG ! I vår tid med meir vold i samfunnet er denne oppdaginga aktuell og betydningsfull. Det er eit faktum at massasje og berøring og kvila kan vera nøkkelen til å påverka borna til eit fyrste steg mot fredelege tilnærmingar og konfliktløysingar . Born som tek i kvarandre , masserer kvarandre , slår ikkje kvarandre eller mobbar kvarandre. Samtidig lærer dei og noko om kva som er god berøring og kva som ikkje er det. I Tørvikbygd barnehage har borna kvilestund og berøringsstunder / massasje kvar dag. Me nyttar ulike berøringsleikar og avslappande musikk . Når musikken kjem på , veit alle borna , på begge avdelingane , at no er det roleg tid – kviletid. Me jobbar med å innføra ulike berøringsleikar og litt massasje. Dei vaksne massererføtene til borna når dei skal finna roen. Etterkvart vil me at borna skal massera kvarandre – på skuldrer og rygg og føtene. Ulike berøringsleikar vert tekne i bruk. Den rolege , avslappande musikken er kjenneteikn på at ” no er det avspenningstid ”. Me vil at borna skal kjenna kor godt det er å senka skuldrane, pusta med magen og la omgjevnaden gå sin gang ei lita stund utan å ha kontroll. 9
Sosial kompetanse Sosial kompetanse handlar om å kunne samhandle positivt med andre. Denne evna blir utvikla gjennom handlingar og opplevingar i ein barnehagekvardag, i formelle og uformelle læringssituasjonar. Uformelle læringsarenaer er t.d ved matbordet, i garderoben, i sandkassen og på tur. Ved bordet må me øva oss på å sitje fint på stolen og vente på tur om ein treng hjelp. I sandkassen kan det handla om å dele på leikene , om korleis ein løyser konfliktar. Leik er viktig for utvikling av sosial kompetanse og då spesielt rolleleik. Me ynskjer å leggje til rette for at borna skal få nok tid til leike og knyte venskapsband seg i mellom. Vennskap er viktig for trivsel og utvikling. Personalet i barnehagen er bevisst på at ein er rollemodellar for barna. Planlagde læringssituasjonar kan vere samling stunder med eit bestemt tema, spele spel i mindre grupper og regelleikar. Mindre grupper er ein fordel når ein skal øve seg på å lytte til andre, fortelje sjølv og når ein må vente på tur. Å dele oss i mindre grupper i er eit grep for å gjere det lettare "å sjå alle". Barnehagen arbeider med utvikling av sosial kompetanse på ulike måtar utfrå alder og modning til borna . I måltid, i leiken , på turar - i samspelet mellom menneska i barnehagen skjer det ”noko sosialt”. Balanse mellom empati,positive sosiale handlingar,sjølvhevding, sjølvkontroll, glede og humor er viktige fokus områder. Satsingsområde Språk, tekst og kommunikasjon Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av vår barnehagekvardag. Kommunikasjon skjer i eit vekselspel mellom å ta imot og tolke ein bodskap og å sjølv vera avsendar av ein bodskap. Både kroppsspråk og verbal komunikasjonen er viktig for å utvikle eit godt munnleg språk. Me vil gje borna varierte og rike erfaringar for at dei skal forstå ulike omgrep, samt å utvikla ordforråd og omgrepsforståing. Å samtale om opplevingar, tankar og kjensler er og sentralt for å utvikle eit rikt språk. Å verta god å kommunisera med andre er ein naudsynt og sentral eigenskap for framtida. Likeeins å kunna forstå og tolka andre sine bodskapar. Dette er viktig for å kunna samhandla godt med andre menneske . Men det kan også bety mykje for å utvikla ei god psykisk helse. Borna i Tørvikbygd barnehage skal verta lest eller fortalt for kvar dag , enten dei er inne i barnehagen eller ute på tur. Personalet skal og ta seg tid til å prata med borna om det dei leser . Filosofera litt rundt dei ulike bøkene og temaene. Å læra seg å lytta til ei bok eller til andre som pratar, er ein viktig basiskunnskap som alle menneske treng i livsbagasjen sin. Det er mykje læring i det å kunna lytta til andre. 10
Etikk , religion og filosofi .Kristne og humanistiske tradisjonar og verdiar pregar det norske samfunnet. I Tørvikbygd barnehage skal me nytta tema særleg i samband med å bruka tid på å bevisstgjera oss på kva og korleis vår pedagogiske plattform ser ut – samt kva betyr dei ulike verdiane for kvar og ein av oss vaksne og korleis praktiserer me dei i kvardagen . Me vaksne i barnehagen er rollemodellar , både på godt og vondt , difor må me bevisstgjerast i forhold til våre eigne verdiar og haldningar – deretter setja ord på kva barnehagen vår skal byggja på ( i tillegg til dei som me er pålagde gjennom Rammeplanen ). Dei verdiane som står i Rammeplanen , skal me og bruka tid på og finna ut kva betyr for kvar og ein i praksis. Denne jobben inneber mykje refleksjon og tankearbeid og vil ta tid, men det vert bra for barnehagen sin pedagogiske praksis. Tid og rom og bevisstgjering i forhold til å nytta filosofiske samtalar , nytta kvardagssituasjonar og spontanepisodar til å filosofera saman med borna , skal verta ein bevisst del av vår barnehagepedagogikk. Høgtider som jul og påske markerer me i tråd med kristen tradisjon. Satsingsområde Positiv sjølvoppfatning For at barnehagen skal vera med å styrkja barna sin sjølvoppfatning, må ein legga vekt på kvaliteten i samspelet mellom barn og vaksne. For at barn skal kunne klare å sjå seg sjølv, må dei ha fått høve til å byggja inn i seg ei oppleving av å ha vorte sett, verdsett, og fått respons. Verdsett ein barn med kjærleik, verdsett barnet seg sjølv med kjærleik. Barnet ser at den vaksne med blikk, stemme, kropp og ansikt set pris på barnet, at det blir godteke, blir likt og elska. Omsorgspersonane verkar som speglar for barnet, barnet byggjer si eiga oppfatning av seg sjølv ut i frå kva det registrerer av reaksjonar frå omverda. Danning Gjennom danningsprosessar vert borna i stand til å handtera livet ved at dei utviklar evne til å vera prøvande og nyskjerrig på omverda og til å sjå seg sjølv som eit verdifullt medlem av eit større felleskap. 11
Satsingsområde Ut på tur, og dramatisering av eventyret dei tre bukkane bruse Jente (5 år):"Sjå, ein Marikåpe!" Vaksen: "Du kan mykje om blomar" Jente:" Svanlaug lære oss om blomar." Turar i nærmiljøet I barnehagen er det lang tradisjon for å gå på tur. I Tørvikbygd har me mange fine turmål i nærleiken og me brukar nærmiljøet aktivt. Det er kort veg til skog, sjø og fjell. Me meiner det er viktig for borna å bli kjent med heimstaden sin og at det styrkjer kjensla av å høyre heime og vere del av eit samfunn. Turar i skog og mark er bra for motorisk utvikling og alle kan finne fysiske utfordringar tilpassa sitt nivå. Naturen er og ei kjelde til opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk. Ut på tur ser me planter og spor etter dyr og får slik kunnskap om ulike artar. Born er naturleg nyfikne og har ei stor utforskartrong. Turar og friluftsliv i allslags ver gjev oss nyttige erfaringar og moglegheit til å kjenne forskjellen på årstidene på kroppen. Som elles i barnehagekvardagen er fleire fagområde ofte representert samtidig når ein er på turar i nærmiljøet (t.d. natur miljø og teknikk, kropp, rørsle og helse og nærmiljø og samfunn, kunst, kultur og kreativitet) 12
LEIKBorna er leikande vesen. Leiken er indremotivert og lystbetont. Den harmange funksjonar hos barnet, til dømes:• Dei utforskar miljøet og utfaldar seg skapande i leiken.• Barn løyser problem gjennom leiken• Leik stimulerer til utvikling på ymse område, sosialt,fysisk-motorisk, intellektuelt, når det gjeld kjensler, osv.• Gjennom leik utviklar og styrkjer barnet identiteten og sjølvkjensla.• Gjennom leik får barnet sett oppfatningar, verdiar og normer på prøve.• Dei lærer om kultur og samfunn.• Og ikkje minst gjennom leik viser borna humor og glede.Sidan leiken er noko barnet sjølv ynskjer å vera med på, byggjer det opp sjølvbiletet sitt gjennom å gjere ting det vil lukkast med. Det gjer borna oppleving av kontroll av situasjonen, glede og oppleving av suksess, som vert avgjerande for om det skal våge å ta fatt på nyeutfordringar. Uansett alder har borna stor glede i leiken. Små born viser kanskje større glede i kroppsleg leik, med store bevegelsar som å hoppa, springa, skli og sykla. Ekstra muntert vert det når borna tilfører lydar og utrop eller musikk. Større born finn også glede i dette, men dei er litt meir utforskande i språket. Dei tullar og tøysar med ord, og finn glede og humor i dette. T.d. vitsar.LEIKEN har ein stor verdi i seg sjølv, men er også vesentleg for HUMOR og GLEDE i barnehagen. Det er i leikens verden at barna framfor alt opplever glede! HUMOR og GLEDEI barnehagekvardagen oppstår det stadig komiske situasjonar som gjev oss ein god latter som smittar. Latter er kanskje meir smittsam enn ei forkjøling !? Ein kan gjerne oppleve at latteren sit lausare i lag med born enn vaksne. Livsgleda er synleg hos dei alle!! Glede er sterkt knytta til handlingar, og då spesielt i forhold til andre menneske. Born viser glede i song, dans og i skapande prosessar. Born har gjensynsglede og ”gruppeglede”. Det siste kan ein lett observere for eksempel under eit måltid. Born kan også le og gleda seg over vaksne som f.eks gjer ein tabbe. Humor har en viktig plass i borna sitt liv. Humor gir livsglede og overskudd. Humor er leik med ord og tanker; den fremjar skaparevne og lyst til leik. Å fortelje vitsar og gåter, laga nye historiar, parodiere popmelodiar, lage grimasar og skøyarstrekar er i høg grad kreativ verksemd. Me ynskjer at dei vaksne skal medverka til at borna sjølv skaper noko morosamt, og viser at dei verdset "humorprodukta" borna lagar. Dette vil igjen være med å utvikla sjølvbilete til borna. Vaksne som trivst i jobben sin skapar glede rundt seg, som igjen skapar trivnad mellom barna! Det blir viktig at det også er rom for dei vaksne sin humor og livsglede. Leik, humorogglede
Medverknad Born har rett til å uttrykkje seg og påverke alle sider av livet i barnehagen. Kor omfattande medverknaden er, og korleis retten til medverknad vert praktisert, er avhengig av alder og funksjonsnivå. Born må både få oppleve tilknyting og fellesskap og kjenne at dei kan bestemme sjølve og uttrykkje eigne intensjonar. Born må støttast til å leve seg inn i andre sin situasjon og til å ta omsyn til andre. Barnehagen må ta utgangspunkt i korleis borna uttrykkjer seg. Personalet må lytte og prøve å tolke kroppsspråket og vere observante i forhold til handlingane, det estetiske uttrykket og etter kvart òg det verbale språket. Barnehagen må gje rom for dei ulike perspektiva til dei ulike borna og vise respekt for intensjonar og opplevingsverder. For at borna skal kunne medverke, må det vere god kommunikasjon mellom borna og personalet, og mellom personalet og foreldra. Retten born har til medverknad, krev tid og rom for å lytte og å samtale. Den pedagogiske verksemda må organiserast og planleggjast slik at det blir tid og rom for barna til å medverke. Slik kan dei bli motiverte til å påverke kvardagen i barnehagen. Born må erfare tydelege og ansvarsfulle vaksne som tek omsyn til heile gruppa. Medverknad i barnehagen handlar om å gje borna muligheit til å påverke sin eigen kvardag og barnehagens fellesliv. Det enkelte barn må ha innflytelse både på kva som skal skje og korleis det skal gjerast. Medverknad handlar om å bli spurt, bli lytta til og akseptert som kompetente. Som vaksne må me la oss påverke og godta at borna sjølv kan ha synspunkt på kva dei har behov for. Barndommen er viktig i seg sjølv og ikkje berre eit forstadie til det vaksne liv. Born er fullverdige menneske og har rett til å uttale seg om sin eigen kvardag. Bornas meining skal takast omsyn til så langt som mulig ut i frå barnets alder og modning. 14
Medverknad Å arbeide med barns medverknad, handlar ikkje om å finne fram til bestemte metodar, men om korleis me som vaksne tenkjer og ser på barn. Det er haldningane våre som leiar fram til ein medverknadspraksis. Det er bornas møte med dei vaksne og barnehagen sin organisering som vert avgjerande for om det vert medverknad eller ikkje. Dei vaksne skal ikkje vera ”påfyller” av kunnskap, men tilretteleggje for læring og fellesskap. For å forstå barn må ein undersøkje dei pedagogiske miljøa borna befinn seg i. Bornas væremåte er uadskilleleg frå dei samanhengane og miljøa dei møter. Dei pedagogiske miljøa er bla.dei daglige rutinane barna skal forhalde seg til, innhaldet i barnehagen, rommas utforming og personalets organisering. Borna tek val gjennom heile dagen gjennom det dei vel å leike med, kven dei leikar med, kva dei vil ha å ete og drikke. Alt dette vel borna, men det er me vaksne i barnehagen som har lagt til grunn kva dei har å velje mellom. Det er me som har valgt leikene i barnehagen, korleis romma er utforma osv. Borna har medverknad mellom anna gjennom: Bursdagsfeiringar- kva vil dei ha til mat, kva krune og farge , kven skal vere med å laga maten? - Kva song/dikt me skal ha til bordvers. - Barnesamtalar, dette er mest dei eldste borna der dette foregår ein til ein. Ein samtale om våren i forkant av foreldresamtalane. - Samlingstunder, med vurdering av kva borna synest har vore kjekt og kva dei ynskjer meir og mindre av i barnehagen. - Vere med å vurdere kva klede som skal på forhold til været, alt etter kva alder. - Leikearena, vil du vera ute eller inne å leika? Vala borna får må vere reelle, det barnet bestemmer seg for, må dei få gjennomført. 15
Dokumentasjon Kunnskap om arbeidet til personalet og verksemda til borna i barnehagen er viktig som grunnlag for utvikling i barnehagen. Dokumentasjonen kan veraeit middel til å få fram ulike oppfatningar og opne opp for ein kritisk og reflekterande praksis. ( Rammeplan s. 55) I vår barnehage dokumenterer me på denne måten : Bilete begge avdelingane har eit digitalt fotoapparat som dei prøver å bruka kvar dag , dei tek bilete av kvardagssituasjonar, turopplevingar og andre daglegdagse eller spesielle hendingar bileta på Vesoldo og Nuten vert sett inn i ei digital fotoramme som står i garderobane, slik at både føresette og foreldre kan sjå , nokon av bildene vert limt inn i permane til borna Permane til borna(tidlegare fotoalbum) Fråhausten 2011 har me gått over til å nytta ein perm – dette fordi me vil nytta deifordelane digitale verktøy gjev – deiforenklar jobben ganske mykje . Samtidig kan me laga forteljingarfråbiletesaman med borna med ein gong ting har skjedd , dersom meynskjer det. Kvart barn får sin eigen perm når det startar i barnehagen. Der samlarme , i tillegg til bilete, teikningar som barnet har jobba ekstra hardt med, andre prosjekt barnet har drive med i barnehagen, historiar og forteljingarfrå barnet sin barnehagekvardag samt ”gullkorn” som kjem frå barnemunn. Dersom barnet vil , eller foreldra , er det sjølvsagt mogeleg å sjå i denne permen når de ynskjer . Månadsbrev Kvar månad sender avdelingane ut brev til føresette . Der står det noko om den månadenme er på veg inni og kva som skal skje i barnehagen denne månaden. I garderoben på Vesoldo heng og ein enkel vekeplan . TRAS ( tidleg registrering av språk ) barnehagen kartlegg språket til enkeltborn når det er behov for det ALLE MED – menyttar Alle Med skjema til førebuing til foreldresamtalar 16
ferie ferie ferie ferie ferie ferie barnehagestart Planleggingsdag Barnehagen er stengt Planleggingsdag Barnehagen er stengt Heine 4 år Erika 5 år Linde 5 år
Foreldresamarbeid Foreldra sine forventningane til innhald i barnehagen: Markera høgtider Musikk og dans Uteliv, og inneleik Kjennskap til dyr Samhald og aksept Organiserte aktivitetar Systematisk arbeid med begrepsinnlæring sept.2013 Forventningane personalet har til foreldra: Sjå på barnehagen som einsamarbeidspartnar, med felles mål: Barnets beste! De kjenner barnet best, fortel oss det me treng å veta om barnet. Slik at me kan gjeraein best mogleg jobb Snakk positivt om barnehage til barnet og andre rundt deg, har du negative ting, ta det opp med oss. Me ynskjertilbakemeldingarvelkomen –både dei positive og dei negative - Sjå til at barna har tilstrekkelig med bytekle og utekle med seg, og at kleda samsvara med årstida. Barnet bør ha minst to par med byteklede med seg. Gje oss beskjed om barnet ikkje kjem i barnehagen, eller kjem etter klokka er 09.30. Gje oss beskjed dersom barnet blir henta av andre enn det som er avtalt. Respekter åpningstidene våre Merk alle kleda/utstyr til barnet ditt Hald deg oppdatert på det me gjev ut av informasjon på mail, og på oppslagstavla Ha forståelse for at arbeidet i midlertidige lokale skaper utfordringar for oss. Prøv å skilja mellom den profesjonelle og den private rolla me har Føresette må i ulik grad delta i dugnadsarbeid og tilstellingar. Samabeidet med foreldra er stadfesta i Lov om Barnehagar. Foreldresamarbeidet byggjer på tillit og respekt mellom partane. Dette må personalet gjera seg fortjent til gjennom å visa at me ser, kjenner og har omtanke for barna dykkar. Når me skal visa at me har fortjent dykkar tillit og respekt, er det greit å vita kva forventningar de har til oss. Dette spurde me etter på foreldremøtet og i oppstart samtalane. Dette gjer eit godt grunnlag for samarbeidet. Måtar me samarbeidar på er: • gjennom den daglege kontakten med foreldra • foreldremøter 2 gongar årleg • Foreldresamtalar • Oppstartsamtalar med nye born/foreldre • Foreldra blir innvitert tilstellingar i barnehagen. • Dugnadar • Foreldra til stjerneklubben lagar sommarfest • Kvar avdeling utarbeidar kvar sin halvtårsplan. Månadsbrev blir sendt på mail kvar månad til foreldra. • Barnehagens samarbeidsorgan: SU I tråd med barnehagelova har barnehagen eit samarbeidsutvalg. Det skal vera eit rådgjevande og kontaktskapande organ. Det består av 4 foreldrerepresentantar, 1 representant for dei tilsette, styrar og ein politisk representant. Alle foreldra kan henvenda seg her viss det er noko de tenkjer på i forhold til barnehagen. I SU dette året sit : • Stig Aase • Bjarte Måkestad • Ragnhild Skår • Dag Atle Skår • Ingrid T Kolltveit ( representant for dei tilsette ) Jostein Ljones (politisk representant) Ann Kristin Strømme Bråten ( styrar ) • Foreldra sine forventningar til personalet er: • at barnet blir sett • at det vert gitt dagsraport ved henting • dekka primærbehov • gje borna oppgåver å strekkja seg etter, stimulering. • At personalet er glad i jobben sin • Konstruktive tilbakemeldingar • Fortel positive ting som skjer i kvardagen • At me er ute / gjer borna positive turopplevingar • At me syng • At barnehagen arbeider med sosial kompetanse • Tilpassar påkledning til temperatur både inne og ute • Opne og ærlege • Stabilt personale • Gjer borna mykje skryt og ros • Tek borna på alvor og det dei er interessert i 18
Amanda 5 år Kommunal kursdag. Barnehagen er stengt foreldremøte
Positiv sjølvoppfatning Borna skal kjenna at dei høyrer tili barnegruppa. Det handlar om å være trygg på at ein blir inkludert, og at andre saknar oss ved fråvær, og at dei blir glade ved gjensyn. I barnehagen ynskjer me å ha eit inkluderande miljø, eit fellesskap som er tilstades til trass for at me er forskjellige, og ikkje alltid opplever det same. I dette fellesskapet bryr me oss om kvarandre. Fellesskapet må vektleggast både i barn – vaksen relasjonane, og i heile gruppa. For å skape eit trygt klima i barnegruppa, må dei vaksne seg i mellom ha eit trygt klima. Borna skal kjenna seg sikre på at sjølv om dei gjer dumme handlingar er det trygt å vera saman med dei vaksne i barnehagen, og gruppa. Bruk at digitale verktøy i barnehagen I følgje rammeplan for barnehagar bør born få oppleve at digitale verktøy kan være ei kjelde til leik, kommunikasjon og innhenting av kunnskap. Me har som mål at borna skal vera med å ta bileter med digitalt kamera, legga dei inn på datamaskina, og skriva dei ut. Borna skal med hjelp av vaksne få skriva bilettekstar til bileta dei skriv ut. Produktet vil me setja inn i permane deira. Borna skal også få muligheit til å teikna bilete på datamaskina, og søkja på internett, på bilete av f.eksdyr, leiker, kjøretøy eller anna dei er interessert i, og skriva det ut. Dette er ein måte å utvikla ordforråd, skapa interesse og samtalar kring ulike tema. På begge avdelingane har me fotoramme som me viser bilete på, til glede for både barn og foreldre. Me tenkjer at dette kan vera ein måte å skapa samtalar, der borna får hjelp av bilete til å visa og fortelja kva dei har opplevd i barnehagen. Bursdagar: Barnet som har bursdag får velje kva mat dei vil ha (varmmat) og kva farge dei vil ha på kruna. Dei får vere med å laga maten saman med ein vaksen og eit barn dei vel sjølve. Bursdagssamling m/tenning av lys og ”tryllelys” (magisk), syng bursdagsong på engelsk og norsk. Sender rakettar for å markere kor mange år barnet vert. Barnet får ein ”diamant” med gode tankar. Denne vert sendt rundt til kvart enkelt barn som seier noko fint til bursdagsbarnet. På Nuten vert dette gjort på same måte men ikkje med ”tryllelys” og ”diamant”. 20
Solveig 5 år • Tommy 3 år
SONG, MUSIKK OG DANS Song, musikk og dans er viktig i bhg vår, me syng mykje. Å skape eit miljø der musikk og kreativ merksemd kjem til utrykk er viktig, dette gjennom musikkstunder og song. Song stimulerer språket og konsentrasjonsevna til barnet. Ved song må barnet konsentrere seg om å huske melodi, tekst og rytme. Barnet lærer seg songane fort ved å lytte til musikk og dette gjer at dei kjenner att songane og melodiane. Rørslesongar gjer at barnet lærer songane fortare og forstår meir teksten. Rørsle til songane gjer ofte songen meir underhaldande og morosam. Musikk, song og dans er rein glede og musikk er stemningsskapande. Positiv sjølvoppfatning Borna i vår barnehage skal føla seg unike. Me kan bidra med det, ved å gje borna konsentrert merksemd, på ein slik måte at barnet utan tvil kan kjenna at me bryr oss om det, og blir verdsett for den det er. Augekontakt og fysisk kontakt er vesentleg. Personalet må tenkja kritisk igjennom: kva ser barnet i mine auge? FORD Eg er eit lite stykke tinn, ingen veit kvar eg skal hen Har fire hjul og kjører fort Eg er ein Ford, ja, ein Ford Escort Honk, honk, rasle, rasle, rasle, krasj, tut, tut Honk, honk, rasle, rasle, rasle, krasj, tut, tut Honk, honk, rasle, rasle, rasle, krasj, tut, tut Honk, honk, honk, honk Foreldrekaffi/frukost : Foreldrekaffi ynskjer me eit par gonger i året, der foreldra vert invitert og kan smake på bakst som borna har laga og få sjå seg om i barnehagen vår, ha litt betre tid enn ved levering og henting ein vanleg dag. Dette kan verta vanskeleg å få til i praksis grunna litt mindre grunnbemanning enn tidlegare år . Dersom nokre foreldre kan hjelpa til med å laga til og å rydda , som ein dugnadsinnsats , kan det seg likevel gjennomføra. Born som ikkje går i bhg den dagen er velkomne til foreldrekaffi/frukost med foreldra. Yngre syskjen kan vere med 22
Planleggingsdag. Barnehagenerstengt. Bjørnar 5 år Vegard 4 år
Advent Advent/ julemarkering: Julerverkstad med barna i bhg. Då lager me ”hemmelige” gåver, og baker julekaker. Kvar dag i desember tenner me adventslys og syng julesongar. Jula si bodskap vert formidla på ein enkel måte. Me har adventkalender, der alle barna får trekke kvar sin dag. Me ynskjer ein stemningsfull månad. Lucia: Om Luciadagen er på ein kvardag markerer me den ved å bake lussekatter som me har med oss når me kler oss i kvite skjorter og går til aldersbustadane og syng Lucia songen til dei som bur der . Om det høver går me også inn på Coopen og syng til dei som er der . Lykte/nissefest: Lyktefesten vert avvikla i barnehagetida . Mest truleg ved Steinane. Me vil tenne bål og dei som vil kan ta med seg det dei har lyst å grille. Borna maler kvar sitt glas og me har t-lys i dei og heng dei opp i trea. For å få gjennomført denne festen dette barnehageåret, kan det verta aktuelt å spørja foreldre om å hjelpa til , som ein dugnadsinnsats. Nissefest vert i barnehagen , men ikkje same dagen som Lyktefesten . Denne festen er utan foreldre . Me lagar graut og har nissehue på oss , og kanskje kjem nissen ein tur på besøk ? Meir informasjon kjem når festane nærmar seg. Vi tenner våre lykter Sneen daler lett og fin og strøk blidt mot ruten min i morges da jeg drømte på min pute. Vi tok skjerf og votter på, hastet veldig med å gåsnart var det tusen barnespor der ute. Og vi tenner våre lykter når det mørkner, og når alle lyder pakkes inn i vatt. Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner. Kanskje lyser de til kvelden si'r: "Go' natt!" Først så trakk vi kjelken opp på en diger bakketopp så suste vi avsted langt utpå jordet. Og så bar det opp igjen, snart var vi på topp igjen. Så lo vi mens vi akte, små og store. Og vi tenner våre lykter når det mørkner, og når alle lyder pakkes inn i vatt. Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner. Kanskje lyser de til kvelden si'r: "Go' natt!" Vi har bygget oss et slott som vi syns ble stort og flott med prinser og med snedronning så vakker. Vinterdagen tar farvel, vi må hjem nå er det kveld. Vi ser på himlen at det lir og lakker. Og vi tenner våre lykter når det mørkner, og når alle lyder pakkes inn i vatt. Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner. Kanskje lyser de til kvelden si'r: "Go' natt!" 24
Julaferie ? Me er glade for å få beskjed om nokon av borna skal ha fri i romjula ; eller dagar i forkant av jula ? Personalet er pålagde å avvikla avspasering på dagar det er færre born i barnehagen . Dersom ditt barn skal ha fri – er det fint om me får vita det innan 13.desember. Fyll ut og lever lappen i barnehagen innan fristen ! ………………………………… kjem i barnehagen måndag 23.12, fredag 27.12 og månd 30.12 ? ………………………………… skal ha fri måndag 23.12, fredag 27.12 og måndag 30.12 ? Evt kjem i barnehagen ein/to av dagane – kva dag ? Skriv gjerne kva klokkeslett du har tenkt å nytta dessedagane – opningstida kan vert justert dersom behovet tilseier det. Minner om at barnehagen er stengt torsdag 2. januar 2014 – då har personalet planleggjingsdag !
Marielle 4 år Anna 5 år Thea 3 år 1. søndag i advent Mikal 2 år vintersolverv julafta Juledag 2.juledag nyttårsafta
Positiv sjølvoppfatning For at barnet skal få ei positiv sjølvoppfatning treng det å kjenna at det kan vurdera, kjenna at den indre stemma er til å stole på. Å kunne vurdera vil seia i kva grad ein opplever å kunne skilje mellom godt/vondt, stygt/fint, rett/galt og kva ein likar og ikkje likar o.s.v. Det gir barnet tillit til seg sjølv å kjenne seg trygg på at det kan ta fornuftige og sjølvstendige val. Born må få handlingsfridom, og muligheit til å vera med å styra sine omgjevnadar. Born har ulik erfaringsbakgrunn, og må få passelege utfordringar i høve til det. Vaksne sit inne med erfaringar som born endå ikkje har, born treng sjølv å få erfare ting me vaksne veit konsekvensen av. Dei treng sjølv å få erfaringar med konsekvensar av sine eigne val. Samarbeid barnehage-skule Barnehagen og skulenynskjer å bidra til ein god overgang for deiborna som skal starta i 1.klassen. Barnehagen har tilgang til gymsalen på skuleneit par gonger i veka. PÅ denne måten vert alle borna i barnehagen litt kjend med deler av skulebygningane. Ut på seinvinteren ( i slutten på februar ) vert dei som skal begynna på skulen til hausten invitert til å koma på skulen 1-2 timarannankvar veke. Dette vil gå over ca 4 gonger . Då er det med einvaksenfrå barnehagen og dei er saman med deiborna som går i 1.klassen – slik at dei skal vertakjende med dei som skal gå i klassen deira, lærarar og skulebygningar. Det er i utgangspunktet lærar på skulen som har ansvar for kva timane på skulen vert fylt med. Pedagogisk leiar og styrar vil og ha ein dialog med rektor og lærar i forhold til å leggja til rette skulestarten for kvar enkelt ; dette gjeld særleg dersom det er ekstra forhold som skal takast omsyn til. Alle foreldre til komandeskuleborn vert bede om å gje løyve / ikkje løyve til at barnehage kan utveklsa informasjon om deira barn til skulen . Born som startar i skulen – har mykje kunnskap, kompetanse og erfaring med seg i livsbagasjen sin , noko som det kan vera lurt at skulen veit noko om !
1.nyttårsdag Planleggingsdag. Barnehagenerstengt Maya 5 år Ella 4 år Matilde 6 år
Måltid, stell og påkledning. I barnehagen vår vil me jobba med positiv samhandling i kvardagsaktivitetar. Det er gjerne mest ved måltid, stell og påkledning at me får mest ein-til ein situasjonar . Me nyttar situasjonane til samhandling, læring og humor. Her kan me driva med språkstimulering, utvikling av sjølvbiletet ved at dei mestrar enkelte oppgåver sjølve, og anerkjenning ved positiv utvikling. Me ser kvart enkelt born, og tilpassar utfordringane etter alder. Over stellebordet har me hengt opp rim og regler som me kan nytta i denne situasjonen. Me brukar også tida på stellebordet til å få til turtaking i samtalen. Me lagar lydar som er morosame, ungane hermar etter oss, og muskulaturen i munnen blir stimulert til vidare språkbruk. I måltidet har me valgt at ungane har faste plassar. Me vaksne har styringa og passar på at alle får delta i samtalen rundt bordet på sitt nivå. Faste plassar skapar tryggleik. Dette året har alle borna matboksar med seg , noko som gjev vaksne meir tid til borna , både før , i og etter måltidet. Samtidig misser me noko av læringa i samband med å senda og å venta på tur og det å laga til mat og å rydda vekk. Uansett er det viktig for oss å leggja vekt på god bordskikk. Påkledning er ein situasjon som skapar utfordringar og fører til stor glede når barnet kan finna skoen sjølv, eller klarar å kle noko på seg sjølv. Dei strekkjer seg litt etter kvarandre, og litt etter oppmuntring frå vaksne. Her er det viktig at personalet fokuserar på samtalen med borna. Gjennom påkledning får også barnet kjennskap til begrepslæring. Kva plagg skal kvar på kroppen? Positiv sjølvoppfatning Barnet treng også å kjenna at dethar styrkje. Borna treng å få utfordringar, få høve til å utforske og bryne seg på noko nytt. Borna må få ei kjensle av å meistre sin eigen kropp og omgjevnadane. Situasjonar og miljø må leggjast til rette slik at barnet har høve til å meistra og kjenne seg kompetent. Først og fremst er det bornas eiga oppleving av styrke som er viktig, men opplevinga kan forsterkast ved at andre legg merke til og verdset den.For at ein skal kunne leggje til rette for eit miljø der borna får meistringsopplevingar, må dei vaksne ha kunnskapar om barns utvikling, slik at ein veit kva eg kan forvente av borna. Dei vaksne må vite kvar barnet er, og kvar barnet er på veg, og legga opp pedagogisk aktivitet etter dette. Fastelaven/ karneval: Me markerer fastelaven ved å lage fastelavensris og bake fastelavensbollar som me et i barnehagen. I februar har me og karneval, der me kler oss ut, eller markerer det med ein temafest . Herre, din jord bærer mat nok for alle,takk for den delen du vil vi skal ha. Lær oss å dekke et langbord i verdasom alle kan reise seg mette frå.Amen. Amen Gutter og jenter, sitter og venter Magen er sulten og halsen er tørst Nå skal vi spise, men først må vi vise At vi kan synge for maten vår først 29
Marta 5 år Halvor 4 år Dina Malena 6 år Emmy 2 år
VURDERING Vurdera tyder å undersøke eller studere born, arbeidsmåtar eller opplegg, for å finna ut korleis resultatet står i forhold til måla som vart bestemt, innanfor ei bestemt tidsrame. Me har 5 planleggjingsdagar i året der me blant anna planlegg og vurderer. Me vurderer og diskuterer innhald og mål på avdelingsmøter, pedagogisk leiarmøte, personalmøte. Me vurderer kvar dag ut frå antall born, kva ver og årstider me er i, kven som er på jobb, kva grupper me har osv. Me nyttar ulike observasjonskjema, der me går igjennom og sikrar at alle borna vert sett, og gitt god omsorg. Måltid og samlingstunder er ein god arena for at borna kan gjera vurderingar og ytra sine meiningar. Barnesamtalar gjennomførast ein til ein spesielt med dei største borna. Vurderinga er ein sammanlikning mellom kva me ynskjer skulle skje (måla), og kva som faktisk skjedde( resultat). - Nådde me dei måla me sette oss? - Fekk borna den hjelpa og støtta i utviklinga som me hadde tenkt dei skulle få? - Står det mykje att på planen som me ikkje fekk tid til å gjennomføra? - Kva kan me gjere anleis? - Kva gjekk bra. Kva kan me seia oss nøgde med? - Korleis opplevde borna dette? - Er fagområda i rammeplan med i planane og gjennomføringa? - Kva vil me ta med oss vidare til andre år, og kva vil me ikkje gjere opp att? 31
Kursdag. Barnehagenerstengt Mats 2 år Konrad 4 år Silje 4 år Varg 2 år fastelavenssøndag
Påske Me legg vekt på det nye livet og våren som me går i møte med alt som spirer og gror. Me markerer påska ved å formidla påskebodskapen på ein ein enkel måte. Me syng påskesongar og lager litt påskepynt. Påskeferie ? (klipp ut) Dersom de skal ha fri dagane før påske – er det fint om me får beskjed om dette Fyll ut lappen og lever den til barnehagen innan 4.april 2014. Me minner om at onsdagen før skjærtorsdag ; onsdag 16.april 2014 – då stengjer barnehagen kl. 1200! ……………………………………………skal ikkje ha fri (mån.14.april,tysd.15.april og onsd.16.april) ……………………………………………skal ha fri (mån.14.april, tysd. 15.april og onsdag 16.april) Kjem ein eller to av dagane – kva for dagar? Set kryss dei dagane du kjem og kva klokkeslett du tenkjer å nytta barnehagen desse dagane . …………………………………………………. ( underskrift ) Ein liten kylling i egget lågBanka og banka og banka på"Her er det trangt, eg vil ut og gå"Peip den og ynka seg der den lågHakk-hakke-hakkEgget det sprakkOg ein liten kylling ut av det stakk 33
Emmelin 4 år sjærtorsdag langfredag Påskeafta/påskedag 2.påskedag palmesøndag
17-mai Barnehagen har si eiga fane, borna øver på å gå i tog med fana. Me syng Tørvikbygdsongen og nasjonalsongen. Me lager flagg og pynter med dei. Dei eldste borna ber fana på skift på sjølve dagen, då er det Su som har i oppgåve og organisere dette. Positiv sjølvoppfatning Dei vaksne kan styrkja born sin sjølvoppfatning ved å ha ein anerkjennande veremåte, bak denne væremåten ligg verdiar som likeverd og respekt. Når ein relasjon er prega av likeverd har ein respekt for alle menneske sitt personlege verd og integritet. Begge partar sine ynskje, meiningar og behov blir behandla med same alvor utan omsyn til kjønn og alder. I ein likeverdig samtale får begge partar lov å uttrykka seg sjølv, koma med sine eigne tankar og kjensler. I ein barn- vaksen relasjon har den vaksne overlegen makt. Barn har ikkje den erfaringa, kunnskapane og posisjonen som vaksne har, dermed har dei vaksne heilt andre føresetnadar for å styre relasjonen enn det barn har. Barnet er avhengig av den vaksne. Den makta vaksne har ovanfor barn vært kalla definisjonsmakt. Denne definisjonsmakta kan være med på å styrkje barn sin sjølvstende, tru på seg sjølv, respekt for seg sjølv og andre. Men om den vaksne misbruker definisjonsmakta si, kan dette vera med å krenka barn si sjølvrespekt og sjølvstende. Definisjonsmakta kjem til uttrykk gjennom måten dei vaksne svarar barn på, korleis dei vaksne set ord på barn sine handlingar og opplevingar, kva dei vaksne reagerer på og ikkje. Definisjonsmakta kan altså brukast på ulike måtar, og det er korleis denne makta blir brukt som er avgjerande for om det er eit likeverdig forhold. Det er nødvendig at personalet i barnehagen er bevisste på sine eigne verdiar og haldingar og handlingar. Det me gjer, seier og tenkjer i samspel med barn, er med på å forme barns sjølvoppfatning. Tørvikbygd-songen Tone: ”Å Vestland, Vestland” Mi kjære bygd eg ser deg under fjell, i solgangsbris mens dagen lid mot kveld. Du ligg så ven og smilande mot meg, Du kjære Tørvikbygd – eg elskar deg. Og mang ein ungdom opp på nuten gjekk, eit fagert syn han derfrå skoda fekk. Der såg han bygda, fjord og Folgefonn, og hugen no vart løyst frå kva og onn. Her kan eg skoda Tørvikvatnet blått, og heimane som ligg så trygt og godt. Det fagraste er av alt på denne jord, mi bygd, du er ei gudegåva stor. Vår bygd ho fostra mang ein uredd gut, som òg på sjøen ville draga ut. Han vida fòr, såg fjerne by og land, men ingen stad han som si heimbygd fann. Her streva fedrane frå år til år, og deira strev me alle nyta får. Når bygda ligg og skin i solgangsbris, ho minner om eit lite paradis. Den fedrearven vil me vakta på, kvar hen i verda me så enn må gå. Så signe Gud vår kjære Tørvikbygd, og lat oss alle bu i fred og trygd. 35
Offentleghøgtidsdag Eirik 5 år Kristi himmelfartsdag Planleggingsdag. Barnehagenstengt. grunnlovsdag
Sommarfest I juni er det sommarfest. Foreldra til dei som skal begynne på skulen har ansvar for denne festen. Dei planlegg festen, kor den skal vera, aktivitetar og leikar, kva dato og klokkeslett og kva mat. Det er og ein avslutningsfest for ”skuleborna” og ein vaksen frå barnehagen seier nokre ord og overrekkjer ein liten ting til borna. Tradisjonar for dei eldste borna i barnehagen: I juni kvart år har det vore tradisjon å overnatte med borna som skal byrja på skulen. Kor me overnattar , vert bestemt når det nærmar seg . 6åringane syng på båtfestivalen kvart år, saman med alle andre 6åringane i Kvam. 6åringane og foreldrene vel ofte å invitere dei andre 6 åringane i barnehagen heim til seg ein føremiddag på vårparten. Dette er heilt valgfritt og er heilt opp til kvar enkelt familie. 37
Pinseafta/pinsedag 2.pinsedag Helmine 3 år Alice 3 år Mathias 6 år Tine 6 år Emil 4 år sankthans
Et Barn Et barn som kritiseres lærer seg å fordømme Et barn som blir slått lærer seg å slå selv Et barn som hånes blir skamfullt og engstelig Et barn som utsettes for ironi får dårlig samvittighet Men et barn som får oppmuntring lærer seg omtanke for andre Et barn som møter toleranse lærer seg tålmodighet Et barn som får ros lærer seg å sette pris på andre Et barn som opplever rent spill lærer seg rettferdighet Et barn som føler vennskap lærer seg vennlighet Et barn som får kjenne trygghet lærer seg tillitt Et barn som opplever omsorg og ømhet lærer seg hva kjærlighet er (ukjent kjelde) 39
Vilja 3 år Siste dag førferie Ingelina 4 år Madel 6 år Julian 2 år