100 likes | 359 Views
Konstruktivisme og realisme i studiet av internasjonale relasjonar. Kategoriane Gjensidig utelukkande posisjonar? Realisme, idealisme og konstruktivisme i studiet av den kalde krigen Døme 1: Omprøving av norsk tryggingspolitikk 1955-58 Døme 2: Norge og den europeiske integrasjonsprosessen
E N D
Konstruktivisme og realisme i studiet av internasjonale relasjonar Kategoriane Gjensidig utelukkande posisjonar? Realisme, idealisme og konstruktivisme i studiet av den kalde krigen Døme 1: Omprøving av norsk tryggingspolitikk 1955-58 Døme 2: Norge og den europeiske integrasjonsprosessen Døme 3: Oppløysinga av den kalde krigens strukturar Freistnad på å overskrida dei etablerte kategoriane: Alexander Wendt Anvendt Wendt: Norsk nordområdepolitikk For ein refleksiv eklektisme?
Kategoriane • Den realistiske tilnæringa til studiet av internasjonale relasjonar • statane maksimerer sine interesser • på grunnlag av strategisk posisjon og maktressursar • i kjernen er trygging av staten • det internasjonale systemet er eit anarki • Den konstruktivistiske tilnærminga til studiet av internasjonale relasjonar • interessene er resultatet av konstruksjonar • basert på korleis verda blir oppfatta • handlingsrommet bestemt av kulturelle prosessar • Den idealistiske (eller liberale) tilnærminga til studiet av internasjonale relasjonar • det internasjonale anarkiet kan overkomast • utvikla overnasjonale institusjonar • ved at statane følgjer normer basert på allmenninteresser • internasjonal politikk er ideologi/idé-styrt
Gjensidig utelelukkande posisjonar? • Realisme og idealisme har vore konkurrerande posisjonar – eller, som oftast, stått uformidla ved sida av kvarandre • Realismen hegemonisk innanfor ”International Relations” (IR) • Konstruktivismen og den språklege vendinga • Vil visa gjennom konkrete døme at • utviklinga frå realisme til konstruktivisme ikkje er ei tofaseutvikling • det er nødvendig å kombinera ulike tilnærmingsmåtar • Men korleis unngå å hamna i eklektismens grøft?
Realisme, idealisme og konstruktivisme i studiet av den kalde krigen • Dei klassiske posisjonane • Tradisjonalistane: Realistar i vurderinga av USA og idealistar i vurderinga av Sovjetunionen • Revisjonistane: Realistar i vurderinga av Sovjetunionen og idealistar i vurderinga av USA • Postrevisjonistane: Realistar heile vegen • Etter den kalde krigen • posttradisjonalismen (Gaddis m.f.) – rennessanse for idealisme • konstruktivistiske tendensar, ”den kalde krigens kultur”, ”biletet av den andre” • Tre empiriske døme og eit forsøk på å overskrida dei etablerte kategoriane
Døme 1: Omprøving av norsk tryggingspolitikk 1955-58 • Gerhardsens reise til Moskva i 1955, hans ”store tale i Paris” 1957 og forsøket på å vera ”bakkanal” nyåret 1958 • Forklaringar: • i delar av UD og Arbeidarpartiet i samtida: Idealistisk forklaring på eit realistisk grunnlag • 1980-og 90-talet: Konstruktivistisk forklaring på eit realistisk grunnlag. • Metodologisk nasjonalisme? • Gerhardsen ikkje først til Moskva • Strid i den vestlege leir om korleis nyorienteringa etter Stalins død skulle møtast • Kennan og Pearson • Tenkinga innanfor IR-feltet i samtida, både realistisk og konstruktivistisk (Kissinger, Niebuhr, Kennan) • ” Konsekvent oppdemmingspolitikk” vs. ”kritisk dialog” (Stian Bones) – personifisert med partisekretær Lie og partileiar Gerhardsen
Døme 2: Norge og den europeiske integrasjonsprosessen • Norsk nei til medlemsskap i EF/EU 1972 og 1994 som historisk problem • Stabilt neifleirtal trass store endringar i dei sosiale strukturane – vareproduksjonen ned frå ein av to til ein av fire • Realistiske forklaringar ut frå interesser: • Primærnæringsinteressene • Oljeinntektene • 200-milssona • Distrikts-Norge med sugerøyr i statskassen • Konstruktivistiske forklaringar • Norsk nasjonalisme og egoisme • Framandfrykt • Mindremannsskjensle • Ser bort frå argument knytt til verdispørsmål (idealisme) – demokratisk underskot, likskapspolitikk etc, nordisk modell. Komparasjon med andre land • Politikk - vitskap
Døme 3: Oppløysinga av den kalde krigens strukturar • Ingen kunne forutsjå dette • Forklaringar: • Triumfalismen – resultat av oppdemmingspolitikken. Dvs. endring av maktbasen, realisme. • Endringar på det økonomiske nivået, samanbrot i sovjetøkonomien - realisme • Gorbatsjov-faktoren: Ny tenking – idealisme • Helsinki-effekten • Transnasjonelle faktorar – resultat av langvarig styrking av kontakt. ”1956-generasjonen”, ”Helsinki-effekten”, modernisering – konstruktivisme? • Bruk av kontraktaktisk hypotese (tenka vekk Gorbatsjov) og komparasjon (”die Chinesische Lösung”). • Empiri: Kva visste Reagan? Kva visste Gorbatsjov?
Freistnad på å overskrida dei etablerte kategoriane: Alexander Wendt • Kritikk av nøkkelomgrepet i den realistiske tradisjonen: Det internasjonale anarkiet • Det internasjonale anarkiet er ulike ting i ulike periodar, alt etter kva normer og idear som ligg til grunn • Tre former for ”ideational structures”: • Hobbesiansk • Lockeansk • Kantiansk • Svarer til tre representasjonar av statsrollar • fiende • rival • venn
Anvendt Wendt: Norsk nordområdepolitikk • Freistnad på ei periodisering • 1944-47: Brubygging, føresetnad om ein lockeansk kultur • 1948-55: Brytningar mellom oppfatningar av Sovjetunionen som hobbesiansk og lockeanisk. Kva tid blir ”alarm” til ”alarmisme”? • 1955-1991: Norsk tryggingspolitikk føreset ein lockeansk kultur • 1991-2000: Retorikk om ”ny verdsordning. Slutt på bipolariteten. Russland med brukken rygg • 2000: Vakling mellom å føresetja lockeansk og kantiansk kultur: ”Folkeretten er i norsk interesse”. Alarmisme og ikkje-alarmisme. Tendensar mot kantiansk internasjonal kultur?
For ein refleksiv eklektisme? • Kan Wendts idealistiske strukturalisme overvinna aktør-struktur-problemet? • Kva med aktørane sitt handlingsrom? • Kven er aktørar i internasjonal politikk? • Tryggingsdilemma og usikkerhet • Etikk og politikk, normer og interesser, moral og moralisme • Om å overvinna grunnforståing som truisme • Komparasjon som metode for årsaksveging • Medisin mot at teorien snik seg inn bak forskaren sin rygg: • Sensitiv overfor empirien • Open i årsaksanalysane • To fallgruver: Naivismen og kynismen • Vitskap som legitimering av kynisme og moralisme